Ferjekai, Volda

Statens vegvesen har skrive kontrakt med Peab K. Nordang for bygging av ny ferjekai i Volda. Kontrakten er på 70 millionar kroner.

- Vi har hatt samhandling med entreprenøren og dei vil starte med forberedane arbeid fyste uka i mai, fortel prosjektleiar Olav Megrund i Statens vegvesen.

Peab K. Nordang har med seg Volda Maskin AS til å utføre grunnarbeida, fyllinga i sjøen og utbetringa av Sjøgata.

Ferjene vil gå som normalt i anleggsperioden. Reisande vil likevel merke arbeida ved at det blir færre oppstillingsplassar og at deler av dagens kai blir inngjerda. Arbeida skal vere ferdig 1. januar 2020. Da skal det settast inn elektrisk ferje på sambandet.

Les mer på bygg.no.

Beskrivelse
Ferjekai
Byggetid
2018-2020
Kontraktssum
70 MNOK
Kunde
Statens vegvesen
Vi bruker cookies. Du aksepterer bruk av informasjonskapsler ved bruk av dette nettstedet.